Bygningene på Audemotlandgarden, løa og heimehuset, ble i tiden 2016-2019
restaurert med hjelp av sysselsettingsmidler fra staten. Det ble da også bestemt at smia skulle gjenreises.
Foto: Anne Lise Norheim
“I folketellinga for Nærbø i 1900 finn me Gabriel Olsen Ødemotland. Han var 73 år og blir omtalt som forhenværande bonde og smed. Nå var han farbror til bonden
på garden. Han hadde truleg latt essa (ildstaden) stå kald i nokre år.
For det var ikkje mange år seinare at Lars Tjøtta, såkalla “Flint-Lars” skreiv om smia på Audamotaland. Han fortel då at dette hadde vore ei av dei største jordsmiene på Jæren. Ei kjent smedslekt hadde reist smia og var fortsatt eigarar. Lars Tjøtta (1864 – 1914) teikna smia med litt skeive vindu, men heilt tak. Eit foto av smia frå ca. 1915 viser ein bygning som står til nedfalls. Me kan såleis rekna med at smia gjekk ut av bruk rundt 1900.”
-tekst av Odd-Geir Rosland